
60+ styrketrening Tokkegym
Treningstime med fysioterapeut for vaksne over 60 år
Dette er eit tilbod for vaksne over 60 år som ynskjer variert styrketrening der ein sjølv har moglegheit for å styre treninga.
Ynskjer du å bli med? Ta kontakt med fysioterapeutane Sigrid (tlf. 476 53 192) eller Jette (tlf. 469 31 427) på førehand så hjelper me deg å kome i gong. Fysioterapeutane er til stade på treninga etter behov, og vil gje deg individuell rettleiing i øvingar og bruk av treningsapparata på Tokkegym.
For å bli med i gruppa krev det medlemskort til Tokkegym. Dette kan kjøpast på kommunehuset, men det er lov å prøve nokre gongar fyrst. Du treng ikkje booke time.