
Teater Ibsen: Stein i lomma
Tokke kulturhus 14. oktober 19:00
Når eit internasjonalt filmselskap kjem til den vesle telemarksbygda får ei lokale gutane, Torgeir og Jonny, jobb som statistar.
Heile bygda blir snudd på hovudet når eit internasjonalt filmselskap gjer sitt inntog i lokalsamfunnet. Naturen, historia, kulturen og bondelivet blir sett på som ein eksotisk kulisse, og folket som bur der blir oppfatta som primitive og "naturlege". Dei sjølve er urbane og kultiverte i ei verd der alt handlar om status og pengar.
I likskap med mange andre har to rappkjefta unge menn latt seg hyra inn som statistar. To karar som har mista retninga i livet, men som ikkje har gjeve opp håpet om at nettopp denne filmen skal vere starten på noko stort for dei begge.
Historia om kva som skjedde då filmindustrien kom til bygda, blir fortald gjennom Torgeir og Jonny. Vi møter mellom anna herskesjuke produsentar, ein slektning på kjøret, den siste attlevande statistikaren frå Helter i Telemark, ei verdsvant diva og ein heilt vanleg lærar frå Rauland.
Framsyninga er ein populær komedie som blir spelt over heile verda. Vår versjon er lagd til og tilpassa Telemark og vil garantert by på attkjennelege karakterar og situasjonar.
To skodespelarar, 14 roller og 10 dialektar. Snurr film!
På scenen
Hadle Reisæter og Lars August Jørgensen
Team
Av: Marie Jones
Regi: Morten Borgersen
Oversettelse: Øyvind Berg
Bearbeidelse: Tommy Sørbø og Morten Borgersen
Scenografisk konsept: Freydis Ravn og Morten Borgersen
Dramaturg: Åste Marie Bjerke
Foto: Dag Jenssen
Forlag: Colombine
Varighet: 90 min u/pause
50 stk gratisbillettar delast ut til dei 50 første som kjem til førestillinga.
Oppmøte frå 18:15!
Billettar kan og kjøpast på Tokke kulturhus frå 18:30 14. oktober.
Billettar kjøpt på Tokkenett blir registrert automatisk - ta kontakt med jan.olav.hemsing@tokke.kommune.no / 90 72 49 81 ved spørsmål kring billettar.