Hopp til innhold
Teater Ibsen: Den finast'e veit - Tokkenett

Teater Ibsen: Den finast'e veit

18. november 19:00 Tokke kulturhus

Den finast'e veit

Av Toril Solvang-Kayiambakis/Hellbillies


Framsyninga "Den finast'e veit" spring ut frå dei gode tekstane til hellbillies, og frå musikken som har blitt ein del av livet til mange.

vi blir kjende med folk som lev liva sine så godt dei kan, som reiser ut og kjem attende, som let seg terga opp av byfolk og spelar på livskunstnarfele etter beste evne. det handlar om å oppdage at livet treng vedlikehald når mykje heng og sleng.

Hans og Eva førebur konfirmasjonen til dottera si, men dottera vil ikkje konfirmerst . Ho vil heller øve med bandet, og meiner foreldra burde sjå nærmare på eigne verdiar for dei meiner noko om andre sine. Hans har ikkje sett broren sin på mange år, og Eva lengrar seg vekk frå alt. Konfirmasjonen blir noko heilt anna enn det familien hadde sett føre seg.

Sjølv når hjarta er krasafarne, kan ein ny song alltid byrje.

Hellbillies har gjennom 30 år på vegen blitt eit av dei mest folkekjære banda i landet. dei treff hjarta våre, og dei gjer det på klangfull halling. I denne teaterframsyninga får du høure mange av låtane deira - det er framleis Hellbillies, men på ein litt annan måte enn vi er vane med. 

Velkomen til ei fripande og musikalsk historie om ein familie du garantert kjenner deg att i! 

* Krasafaren - nedsliten av ytre påverknad over lang tid. 

Den finast'e veit er produsert av Brageteateret og Teater Ibsen

På scena: Silje Breivik, Guro kaasa, Iver Innset, Mads Skar-Jørgensen, Jakob Stabell
Musikarar:
Piano: Tove Kragset / Peder Varkøy
Hardingfele: Sindre Trondrud / Johanne Flottorp
Bass: Asle Bråthen

Dramatikar: Toril Solvang-Kayiambakis
Musikk: Hellbillies
Regissør: Nina Wester
Scenograf og kostymeansvarlig: Daniel Åkerström Steen 
Musikalsk ansvarleg: Simon Revholt
Lysdesignar: Markus Tarasenko Fadum
Rekvisitør: Marthe Brandt 
Maskør: Maria Sierra Zahl